Suksess!

Turen gikk i fint vær og vart ein formidabel suksess

Over 50 personar vart frakta opp til Stall Kjersem sitt anlegg på Kjersemfjellet, der de ble ønsket velkomne av Bjørn Kjersem og hans kone Helene.

Det første på programmet var ein tur rundt alle hytter og hus, og ikkje snakke om to store bygningar som skulle huse gjestene. Alt dette medan det vart servert forfriskingar. Det trongtest av di dette var ein fin dag med ei skinnande blir sol som velsigna festen med varme frå ein blå himmel.

Bjørn hadde ei god historie og fortelja for nesten kvar ein stein og fjøl.

Snart var det dags for hovudtalaren for dagen. Han inntok setra med brask og bram i ein veteranbil av den eldgamle sorten. Mannen var Kjetil Siem ein verdsvant kar med mange slag på den grøne matta bak seg.

Etter ei stund vart det dags å gå inn i salen og ete seg mett. Der vart det servert bacalao av beste kvalitet.

Medan vi åt middag, vart humøret til dei frammøtte om mogeleg betre og betre. Praten gjekk ivrig rundt om kring borda der dei nytte det beste bygda kunne by på av mat og drikke.

Med åtgaum og kraft trødde dei fem tenarane fram og held show på scena. Dei hadde monologar og anna, medan lyttarane la seg på tvers av borda og skratta.

Dette vart tøft for hovudtalaren å toppe. Med alle oddsa mot seg entra han scena, og fortalte om oppveksten sin med hesjing, tarvlege søsken og ei snill mor. Ei mor so ikkje alltid støtta alt han gjorde. Broren sat i salen og saman med alle gjestene lo dei så han gret. Det var jo gapskrattfestival!

Talaren fekk som takk for strevet ein heil kartong med makrell i saus som han kunne ta med seg attende til Sør-Afrika. Det var visstnok det beste han kunne eta.

Etter maten vert det framvisning av hestedressur. Bjørn Kjersem viste korleis ein kunne få den staaste av alle hestar til å gjere kva ein ville. Dette skulle visst nok fungere kjøle godt på kvinnfolk au, men det ville han ikkje demonstrera. Det var vel kona med armane i kors som fekk han til å endre meining.

Timane flyr fort når man har det godt, og snart var det klart for bussturen attende ned i bygda og til den første akta av Gapskratt-festivalen. Der vart gjestene vise til eigne plassar og der fekk dei vere med på å sette eit skikkeleg preg på ei drivande førestilling som kuliminerte med Frode Alnes og gitarens hans. Ein scenearbeidar, om ein kan si det slik, som ga at meir enn folk hadde betalt for. Ein artist, noko anna kan ein ikkje sei.

Når førestillinga var over var det meir mat og drikke i restaurantteltet der det vart langt på natt før ljomet la seg.

Dette må me gjere neste år òg, sa dei. Eg kjem at neste år, sa andre. Ein ting er sikkert, bedriftstur vert det.