Billettar

StraumGjennomgangsbillett
Vi tilbyr alle medlemmer av revygrupper ein gjennomgangsbillett til kr 1000,-

Denne gjeld inngang til alle førestillingane og til restaurantteltet, og servering av eit varmt måltid om dagen.

NB! Gjennomgangsbillettar MÅ tingast på førehand. Hugs å sende med foto m/namn på baksida!

Revybillettar
Førehandssal av enkeltbillettar til revyførestilling og restauranttelt kan skje skriftleg, eller telefonisk frå siste veka før festivalen.

Bestill på telefon 476 83 684

Prisar

revy torsdag kr 200,-
revy fredag kr 200,-
revy lørdag kr 250,-

Inngang serveringstelt: kr 100,-

Restauranttelt
Sosiale samvær med noko attåt, høyrer med til alle festivalar. Vi satsar på at restaurantteltet blir eit triveleg samlingspunkt før og etter førestillingane. Her vil det bli servert mat og forfriskningar. Det blir også ope for spontanunderhaldning for dei som ønskjer å bidra med det. Restaurantteltet vert stengt for publikum under revy- førestillingane på torsdag og fredag. Førehandssal av billettar til serveringsteltet berre for dei som har billett til dagens førestilling.

Billettbestillingsskjema (Word)