Enno ikkje avgjord
Dei fleste revy- og teaterlag har sine ”stjerner”. Dette er gjerne personar med stor erfaring og evne til å treffe sitt publikum med både alvor og skjemt. ”Stjernene” får naturleg nok ofte ein stor og velfortent plass i slike arrangement som Gapskrattfestivalen.
Men ein gong var også desse ”ferske” i faget, nykomarar, -unge og skjelvande i knea. Og kanskje var det nokon som såg akkurat deira talent, skaparglede , musikalitet, og som gjorde at dei drista seg til på ny og på ny, og vart ”stjerner”. Under årets festival vil ha blikk særleg for dei unge.
Vi er derfor stolte over å kunne vere med å dele ut ”Ihsjeskratten”. Dette er ein pris på kr. 5000,- frå Vestnes kommune ved ordføraren.
Prisen skal gå til ein ungdom eller bli delt mellom fleire ungdommar under 20 år som har utmerka seg under årets festival i form av prestasjonar på scena, idear til og/eller uforming av tekster, musikk, ”kost og mask”, koreografi og scenografi eller bidrag av særleg høg kvalitet til underhaldninga i restaurantteltet.