Gaptrast i gjønåtrekk - Roy Aron Myklebust

Gapskratt i gjønåtrekk er Gapskratten revyfestival sin artist in residence. I år har festivalen hentet en Gaptrast fra nabofylket i sør. Roy Aron Myklebust har drevet med revy i en årrekke. Slik beskriver han seg selv:

"Kort fortalt er eg ein journalistjobbande 40-åring frå Stryn i Nordfjord, som omlag halvparten av desse åra har hatt revy som ein favorittsyssel. Det starta, som for så mange andre, med russerevy og nokre vellukka lærarparodiar som gav "blod på tann". Nokre år seinare slo eg meg saman med to brør Tvinnereim og vi drog i gang kulturhusrevyar i heimbygda.

I 2003 dukka sjølvaste Ole Bergesen opp og fekk oss med på å etablere sommarrevy i Stryn. Denne gjekk jamt og trutt fram til 2016, då i litt mindre skala dei siste fire-fem åra, men konseptet har alltid vore revy og allsang i telt. Eit årleg høgdepunkt for både oss og bygda!

Ved sidan av fellesprosjekt har eg også sett opp tre soloshow, i 2010, 2012 og 2017. 
Eg har delteke fire år under NM i revy på Høylandet, og dei siste to gongane har eg teke meg til finalen der. Begge gongane med ein noko omstendeleg, eldre nordfjording som karakter. Bygging av karakterar er også det eg likar best med revyarbeidet, og det er eit knippe av desse eg vil ta med meg til Gapskrattfestivalen.

I tillegg til den trauste nordfjordingen dukkar mest truleg den avdanka skiløparen Kåre Jonny opp, likeeins vaskedama Lillian Lepsøy, den pensjonerte trappesnikkaren Gudvald og eit par skrubbelurar til. Eg håpar og trur at desse skal bli godt mottekne!

No gler eg meg til det ærefulle oppdraget som "Gaptrast i gjønåtrekk" -vi flirast i starten av juli!"

«Gaptrast i gjønåtrekk» vil dukke opp på de fleste scener under festivalen i Tresfjord i juli, både under de tre kvalifiseringsforestillingene, i finaleforestillinga, i Gapskratt-teltet og under Gapskratt-turen.
Sammen med mange andre revyaktører vil han sørge for at latteren vil runge mellom Tresfjordfjella 5.-7. juli.