Gapskrattens fantastiske revyorkester

7/4/2024

Vi kan med glede melde at vårt faste band, for øvrig verdens beste revyorkester, har takka ja til nok ein Gapskrattfestival.

Orkesteret taklar alle utfordringar, og får aktørane til å føle seg trygge på scena.

Dei har erfaring frå mange Gapskrattfestivalar, og dei fleste av dei har i nesten ein mannsalder vore faste musikarar på Tresfjordrevyen, hos Vestnes teaterlag og Romsdalsnes revylag.

På trommer Mats Hugo Frostad, på trekkspel Knut Ivar Bøe, På tangent og fiolin Gaute Skrove, på bass Halvor Hovden og på gitar vår eminente kapellmester Trond Salthammer.

Bandet åleine er grunn god nok til å kjøpe billett til festivalen.