Velkommen til Gapskratten 2022

23/2/2022

Hei til alle revyvenner.

Dei siste dagane har vi sendt ut invitasjon til Gapskrattfestivalen 2022, 7.-9. juli, til revygruppene. Har du ikkje fått invitasjon, så send oss kontaktinfo til di revygruppe.

På grunn av at mange revyar er utsatt så har vi i år forlenga påmeldingsfristen til 10. mai, men send oss gjerne påmeldinga så snart den er klar, slik at vi får starta på gjennomgangen.

Vi vil også gjerne at grupper som planlegg å delta gjev oss ei tilbakemelding snarast mogleg, sjølv om nummera ikkje er klare. Det roar nervane veldig når me veit at nokon vil komme.

Om di revygruppe ikkje kan stille med nummer på scena i år så kom likevel. Vi vil at revyfamilien skal være størst mulig, både på scene og i sal, og i festivalområdet ellers.

Påmeldingar i år går via nettsida https://revygrupper.no/  Påmeldinga vert åpna i løpet av veke 8

Spørsmål kan sendast til post@gapskratt.no , gjennom kontaktskjema her på nettsida, eller som melding på  https://www.facebook.com/gapskratt

Husk å få alle de kjenner til å like Facebooksida Gapskratten Revyfestival

Håpar at me skrattast på Gapskratt i juli

Helsing oss i Gapskratten Revyfestival