Alt du lurer på, nesten!
-
Revy og revyentusiasme er hovedfokus for festivalen. Vi inviterar revy- og teaterlag til å vise sine beste nummer for publikum og for vår kvalitetsbevisste og kunnskapsrike jury. Det blir tre kvalifiseringsforestillingar som til slutt endar opp i ei finaleforestilling. Alle forestillingar visast i storsalen på Tresfjord Fleirbrukshus.
-
Sosialt samvær med «noko attåt» høyrer med til alle festivalar. Sparebanken Møre-teltet er eit triveleg samlingspunkt før og etter forestillingane. Her blir det servert god mat og drikke.
-
Gapskrattfestivalen sin festivalcamp ligger på Tresfjord stadion, eit solid steinkast frå festivalområdet.
Camping inkluderar plass med straum og tilgang til toalett og dusj.
Andre anbefalte overnattingsmoglegheiter:
Ridderkroa
Fagervik camping
Stall Kjersem
-
Alt arbeid under festivalen blir gjort på dugnad. Fastbuande, innflytta, utflytta og tilreisande tresfjordingar legg ned ein fantastisk dugnadsinnsats, med god hjelp frå folk frå kringliggjande bygder. Vekene før festivalen er det mykje som skal gjerast. Storsalen på skulen riggast med scene og amfi, stoler skal hentast, lyd og lysanlegg skal riggast. På festivalområdet skal Sparebanken Møre teltet setjast opp og fyllast med bord og benkar, scene, diskar, tappeutstyr for skummande veske og diverse annet.
Under festivalen har vi behov for mykje hjelp. Torsdag er den mest hektiske dagen. Då må vi gjere alt som vi har glemt eller har utsatt eller ikkje har hatt tid til tidlegare. Under festivaldagane må vi ha mange vakter, ikkje berre til førestillingar og serveringstelt, men også til diverse arbeid resten av døgnet. Etter finaleforestillinga på laurdag startar nedrigginga for fullt. Stoler skal stablast, kulissar skal ned, lyd og lysanlegg skal nedriggast, scene og amfi skal rivast og det skal ryddast.
Ynskjer du å vere frivillig? Ta kontakt med oss på post@gapskratt.no eller på Facebook/Instagram. -
Gapskratten kan skryte av det vi er ganske sikre på er verdas beste revyorkester. Orkesteret er leia av kapellmester og gitarist Trond Salthammer. Med seg har han Mats Hugo Frostad på trommer, Knut Ivar Bøe på trekkspel, Halvor Hovden på bass og Gaute Skrove på tangentar og fiolin.
-
Det starta våren 1996. Entusiastiske og uredde styremedlemmar i historias første Gapskrattfestival - ein gjeng som slett ikkje visste kva dei gjekk til. Med bankgaranti på kr. 150 000,- frå Sparebanken Møre vart det leid inn sirkustelt som vart satt opp på Tresfjord Hestesenter. Her arrangerte vi fire festivaler på rad, men etter at Tresfjord skule vart betydeleg om- og nybygd i 2004 flytta vi festivalen dit. Dette viste seg å vere ei god erstatning for sirkusteltet. Dermed sparte vi oss for mange bekymringar: magre teltarbeidarar, sagmugg i rubben, dreneringsgrøfter og vestlandske stormkast.
-
Laurdag 4. juli arrangerar vi det 5. verdsmeisterskapet i Ridderostcurling!
Den aller første VM-tittelen vart i 2014 tildelt Tresfjord Bygdekvinnelag. I 2016 vart tittelen kapra av eit vennelag frå Vikebukt og sidan festivalen vart avlyst i 2020 er regjerande meistrar eit blanda lag frå Tresfjord og Lesja, vunnet i 2018.
Ridderosten er fødd og oppvaksen i Tresfjord og feirer i år 54 år. Den er fortsatt produsert hos Tine, avd. Tresfjord.
Vi oppfordrar treffsikre vennelag/bedriftslag og andre treffsikre til å melde seg på.
Til informasjon: ostane vi brukar til curlingsteinar er 8 (!) år gamle - kan det vere verdast eldste Ridderostar ?
Reglar Ridderostcurling
1. Maks 3 personar på kvart lag.
2. Det er 1 innleiiande omgang – 1 kast på kvar spelar.
3. Finalerunde:
Dei 3 laga som har best poengsum går vidare.
Ved lik poengsum går laget med dei beste kostymene vidare til finalen. Finalerunde med 1 kast per spelar – eventuelt ekstraomgang.

