Årets jury

4/7/2022

Juryleder Pål Hasselvoll.

Pål arbeider til dagleg som fagleg leiar i Norsk Revy på Høylandet. Pål har ein bachelor i Teaterproduksjonog skodespelarfag frå Nord Universitet, og utdanning i fysisk teater frå Kulturamai Stockholm. Pål gleder seg til å lede juryen under Gapskratten, og til å få Ridderost, sveler og mjølk frå lokale kyr.

Anita Nyhagen.

Revynerd busatt på Vikebukt. Revyfagleg utdanning frå Høgskulen i Nord-Trøndelag. Tonedøv tekstforfattar,skodespelar og instruktør. Starta med revy på Vikebukt tidleg på 90-talet, drogi gang Raumarevyen på slutten av 90-talet. Primus motor for Humorutvalget.

Deltatt i NM seks gonger, tre gonger i finale. Fleire prisarfrå Humorfestivalen og Gapskratten. Anita gleder seg til å sjå Gapskratten frå salen, og ikkje frå scena.

Ronny Wilhelm.

Skodespelar, revyartist, skribent ogdragartist. Ronny vaks opp i Tresfjord og starta karriera med skodespel og revyi Tresfjord Ungdomslag. Seinare har Ronny deltatt i fleire storeteateroppsettingar og film- og TV-produksjonari både inn- og utland. Han harogså sidan 1994 arbeidd som dragartist blant anna ved dei historiske tyskedrag-teatera «Pulverfass Cabaret» i Hamburg og «Chez Nous Travestietheater» iBerlin. I 2015 tok han over stafettpinnen etter Jonny Nymoen som ein avhovedaktørane i «The Great Garlic Girls», og har sidan turnert med gruppas ekstravaganteshow både i Norge, Europa og delar av Asia, og i fleire TV-produksjonar, blantanna «Allsang på grensen». Ronny gleder seg til å komme heim til mor, og kanskje til potetball på Ridderkroa.