Gapskratt 2024

26/2/2024

Hei til alle revyvenner.

I desse dagar sender vi ut invitasjon til Gapskrattfestivalen 2024, 4.-6. juli, til

revygruppene. Har du ikkje fått invitasjon, så send oss kontaktinfo til di

revygruppe.

Påmeldingsfristen er satt til 1. mai, men send oss gjerne påmeldinga så snart den

er klar, slik at vi får starta på gjennomgangen.

Vi vil også gjerne at grupper som planlegg å delta gjev oss ei tilbakemelding

snarast mogleg, sjølv om nummera ikkje er klare. Det roar nervane veldig når me

veit at nokon vil komme.

Om di revygruppe ikkje kan stille med nummer på scena i år så kom likevel. Vi vil

at revyfamilien skal være størst mulig, både på scene og i sal, og i festivalområdet

ellers.

Påmeldingar i år går via nettsida https://revygrupper.no/  Påmeldinga er åpna.

Spørsmål kan sendast til post@gapskratt.no , gjennom kontaktskjema her på

nettsida, eller som melding på  https://www.facebook.com/gapskratt

Husk å få alle de kjenner til å like Facebooksida Gapskratten Revyfestival

Håpar at me skrattast på Gapskratt i juli

Helsing oss i Gapskratten Revyfestival