Gaptrast i gjønåtrekk '22

9/6/2022

Årets «Gaptrast i Gjønåtrekk» er klar. Under årets festival får vi besøk av Terje

Stamnes frå Skatval i Trøndelag. Gaptrasten vil dukke opp på dei fleste scener

under festivalen 7.-9. juli.

Terje starta med revy i 1992 i Skatvalsrevyen. Han har gjennom desse åra

hausta heile seks prisar frå NM i Revy på Høylandet. Vi har sett han både på

Trekkspillfestival, som Ali Baba, taxisjåfør og avgått politiker med hyttevisning.

Han har spilt sommerrevy med Skaun Artikalleri og også hatt regi på fleire

revyforestillinger.

Han har også scene-erfaring utenfor revyscenen, både i Riksrevyen, i Sound of

Music med Opera Trøndelag, barneteater i Stjørdal, som Hoppetust i operaen

Olav Engelbrektson, samt skreve og framført familieforestillinga Juledrømmen

sammen med Pål Tyholt, kjent frå Lånkerevyen.

Gaptrast i gjønåtrekk vil som sagt dukke opp på dei fleste scener under

festivalen, både i sal, telt og under Gapskrattens bedriftstur.

Saman med 20 revygrupper frå Rogaland til Trøndelag vil han garantert bidra til

at Gapskratten skal runge mellom Tresfjordfjella desse dagane. Du kjem vel å

skrattar du og?