Bli frivillig?
Også i år er vi avhengige av frivillig hjelp for å få festivalen i hamn. Vi er utruleg takksame for alle dei frivillige som år etter år stiller opp og bidreg til å gjere Gapskrattfestivalen mogleg å arrangere. Vi håpar mange vil vere med også i år!
Vi har plass til både nye og erfarne frivillige. Har du lyst til å bidra?
Vi treng hjelp både på dagtid og kveldstid, mellom anna til vakthald, sminking, smøring av rundstykke, billettsal, balleloddsal, rigging opp, rigging ned og mange andre oppgåver.
Ta kontakt med ein av oss i styret, send ein e-post til post@gapskratt.no eller ei melding på sosiale medier.

