Årets jury
Juryformann
Karl Holte Aarø
Karl Holte Aarø har frå 2024 vore kunstnerisk leiar og fagansvarleg i Norsk Revy. Han er utdanna skodespelar og har, ved sida av ei aktiv frilanskarriere som utøvar, også undervist i faget i fleire år.
Som skodespelar har han vore tilknytta blant anna Oslo Nye Teater med blant anna Oslorevyen, og hausten 2025 hadde han sin eiga soloforestilling på Chat Noir. No i år er han på norgesturné med forestillinga «Rorbua».
Karl er odelsgutt fra Kragerø og det var der han byrja å spele lokalrevy som ungdom. I dag er han busett i Oslo, der han representerar Norsk Revy sitt distriktskontor i hovudstaden.
Juymedlem
Johan Lyche Øiestad
Johan har vore på scena på Høylandet nesten kvar festival sidan 1999. I 1999 var han i finala med parodien på Nils Arne Eggen, ein parodi han også har bruka ein del på riksdekkande fjernsyn. I 2005 vann han ein publikumspris med ein rekke parodiar og opna 30 års jubileumet for revyfestivalen som Kongen.
I 2004/2005 parodierte Johan, Kjell Inge Røkke i TV2 sin komedie “Det gode selskap”. Den einaste serien på fjernsyn der alle aktørane var parodiobjekt. Johan kom til semifinalen i Norske talenter i 2010. Elles har hanblant anna ei rekke opptredenar på riksdekkande fjernsyn, cupfinaleshow og regjeringens OL-fest. Eit år vart han også den heldige vinnaren av Gapskratten sin heiderspris og vann ein flott lenestol. Vi gler oss over å ha med Johan i årets jury på Gapskratten Revyfestival.
Jurymedlem
Randi Bergundhaugen
Randi er ein ekte 64-modell, 64-modell frå Mesnalia på Hedemarken. Ho flytta til Vestnes i 1988 etter nokre år på Lillehammer og i Oslo. På utdanningsfronten har ho tatt ei noko uvanleg rute: frå søm og design til samfunnsfag, politikk og teknologiledelse. Det har vist seg å vere ein kombinasjon som fungerar godt, og til dagleg held ho no orden på både små og store saker som ordførar i Vestnes kommune.
Når arbeidstida er over, er det revy og teater som gjeld. Interessa byrja allereie på barneskulen og har holdt seg imponerande godt gjennom åra. Randi har både stått på scena, skrive revytekstar og bidrege på alle moglege vis, men dei siste åra har ho stort sett holdt seg bak sceneteppet. Der finn vi ho gjerne med kostymer, sminke og maske – fagområder hun nærmast har gjort til ein livsstil. Som mangeårig leiar for sminkeavdelinga på Gapskratten har ho satt sitt preg på utallige forestillingar og er godt kjent i revymiljøet både lokalt og regionalt.
«Alt er timing og logistikk» og «Det er ingen som får skinne i rampelyset uten en skikkelig lysmann» sier hun. Med det meinar ho at ALLE er viktige i ein vellykka sceneproduksjon.

